Meirope bibliotek i Valle stengt inntil vidare etter branntilløp i offentleg toalett tysdag kveld

Ordninga med meirope bibliotek i Sæbyggjen i Valle sentrum er stengt inntil vidare etter branntilløp i eitt av dei offentlege toaletta i bygget tysdag kveld.

Meirope bibliotek i Sæbyggjen i Valle er stengt inntil vidare etter branntilløp i eitt av dei offentlege toaletta i bygninga tysdag kveld. - Klikk for stort bileteMeirope bibliotek i Sæbyggjen i Valle er stengt inntil vidare etter branntilløp i eitt av dei offentlege toaletta i bygninga tysdag kveld. Torunn Charlotte Nyberg

Brannmannskapar frå Setesdal brannvesen IKS fekk raskt kontroll på brannen. Biblioteket skulle etter planen ikkje ha ope i ordinær opningstid i morgon på grunn av eigne opningstider i påska, men no blir altså heller ikkje tilbodet om meirope bibliotek aktuelt onsdag 27. mars.

Ny vurdering i løpet av morgondagen

– Det blir teke ei ny vurdering rundt kva tid biblioteket kan opne att i løpet av onsdagen, seier kommunedirektør i Valle kommune, Vidar H. Homme.