Musikk i vårljos på Valle bygdeheim 25. april

Det blir lova vårlege tonar på Valle bygdeheim torsdag 25. april klokka 10.30. Då kjem musikarane Tore Frøyshol og Rasmus Solem.

Dei diskar opp med kjente og kjære låtar, og speler på fløyte og piano. “Musikk i vårlys” heiter konserten på dagsenteret. Der er det gratis inngong og ope for alle. Valle kommune arrangerer den musikalske samankomsten.