Språkkafé i Sæbyggjen kvar torsdag

Frivillige i samarbeid med Valle kommune skipar til språkkafé i biblioteket i Sæbyggjen kvar torsdag frå klokka 18-19.30.

Det er språkkafé i biblioteket i Sæbyggjen kvar torsdag som eit samarbeid mellom frivillige og Valle kommune. - Klikk for stort bileteDet er språkkafé i biblioteket i Sæbyggjen kvar torsdag som eit samarbeid mellom frivillige og Valle kommune. Ole Birger Lien

I løpet av samankomsten får ein slå av ein prat med folk ein kjenner og folk ein kan bli kjent med, mange speler Amigo, og ut av alt dette kjem det mykje god trening i norsk! Det er vanleg daglegtale det handlar om. Det plar også vere enkel servering til samlingane.