Korleis legge inn aktivitetar og arrangement

Valle kommune har tatt i bruk Friskus aktivitetskalender der lag og organisasjonar sjølv kan legge inn aktivitetar og arrangement ved å lage seg ei arrangørside. Desse vil då kome på aktivitetskalenderen i Friskus-appen og på Valle kommune si heimeside. 

For å bli arrangør og legge ut aktivitetar må de: 

  • Ha ein organisasjon eller eit lag som er registrert i Brønnøysundregisteret, 
  • Registrere laget/organisasjonen som arrangør i Friskus,
  • Legge til brukarar som skal kunne opprette arrangement i Friskus 
    (kvar brukar må registrere seg sjølv, men de kan sende invitasjon frå arrangørsida)

Når dette er gjort kan du legge ut arrangement!

Merk: Sidan kvar organisasjon no skal ha si eiga side, har vi dessverre ikkje lenger høve til å leggje inn arrangement på vegner av dykk.

Treng de hjelp?

Dersom de treng hjelp til å opprette arrangørside eller brukarar, kan de ta kontakt med Velkomstsenteret.

Telefon: 379 37 500

epost: sentralbord@valle.kommune.no 

De finn også gode rettleiingar på Friskus sitt hjelpesenter.

Lenker:

Oppretting av arrangørside 
Hjelpesenter