Kommuneblomen

Har du ein god kikkert, kan du om sommaren sjå kommuneblomen til Valle hengje i kvite kaskadar utover dei stupbratte fjellsidene på Andenape.

Bergbruske, eller bergfrue, er rekna som ei av dei vakraste fjellplantene vi har. Den staselege blomestengelen, tett strødd med hundrevis av små blomar, er eit syn ein seint gløymer.

Når blomstringa er over og frøa har mogna, døyr heile planten etter denne store kraftanstrenginga. Heldigvis har han då sett små siderosettar som lever vidare og tek til på nytt.

Bergbruske er ganske vanleg i heile Setesdalen, men det krev ofte litt innsats å få oppleve blomsterprakta. Planten freder nærast seg sjølv.