Kommunevåpenet i Valle

Kommunevåpenet i Valle vart godkjent ved Kongeleg resolusjon den 11.5.1984.

Det er teikna av Daniel Rike frå Valle. Rike har også teikna kommunevåpenet til ei rekkje andre kommunar i landet.

 

Andreaskrossen er eit svært vanleg motiv i heraldikken. I kommunevåpenet til Valle er inspirasjonen henta frå gammal kyrkjekunst og dekor. Hylestad stavkyrkje, med dei vidgjetne portalane sine, stod i bygda, og Andreaskrossen finst òg att i mønstra på den tradisjonelle setesdalskufta.

Apostelen Andreas er nemnd fleire gonger i evangelia, og alltid mellom dei fire fyrste læresveinane saman med Peter, Jakob og Johannes. Evangelia skildrar han som ein audmjuk disippel som sit ved føtene til meisteren og stiller spørsmål på vegner av dei andre. Han var òg til stades då Jesus metta dei 5 000 i øydemarka.

Etter Jesu død og oppstode skal Andreas ha drive misjonsverksemd rundt Svartehavet og i Hellas, kanskje endå lenger. Truverdige kjelder fortel at han til slutt slo seg ned i Patras i Hellas, der han forkynte evangeliet som biskop. Under keisar Nero vart han arrestert og dømd til døden fordi han nekta å tilbe dei heidenske gudane.

Den 30. november, truleg i år 60 eller 62, leid han martyrdøden ved å verte bunden til eit skråkors. Dette korset fekk sidan namnet Andreaskrossen. Ifølgje tradisjonen preika han til folket i to eller tre dagar medan han hang på korset, før han til slutt døydde.