Følgjekort for personar med funksjonsnedsetting

Ledsagerbevis er ei ordning for deg som treng hjelp eller følgje for å kunne delta på kultur- og fritidsaktivitetar.
 

Kva er ledsagerbevis?
Ledsagerbevis er eit personleg kort eller ei digital løysing som viser at du har behov for ein ledsagar. Ordninga skal gjere det lettare å delta på arrangement, aktivitetar og opplevingar.

Kven kan få ledsagerbevis?
Du kan få ledsagerbevis dersom du har sjukdom eller nedsett funksjonsevne som varer i meir enn 2 år, og du har behov for hjelp eller følgje for å delta i aktivitetar. Barn kan òg få ledsagerbevis dersom dei har stort behov for assistanse.

Ordninga kan vere aktuell for personar med:

  • Bevegelseshemming
  • Syns- eller høyrselshemming
  • Utviklingshemming
  • Psykiske lidingar
  • Kroniske sjukdomar
  • Demens
  • Andre funksjonsnedsetjingar

 

Kor kan du bruke ledsagerbevis?
Det er opp til arrangøren om dei godtek ledsagerbevis. Som regel kan det brukast på kultur- og fritidsarrangement. Vanlegvis får ledsagaren gratis inngang, eller rabatt.

Korleis søke?
Den funksjonshemma søker heimstadkommunen på fastsett skjema om følgjekort. Søknaden skal innehalda passfoto. Ved behov kan ein innhente utsegn frå primærlege, legespesialist, offentleg helseinstitusjon eller kommunen sin helse- og sosialetat om at søkjaren treng følgje.

Viktig å vite:

  • Ledsagerbeviset er personleg
  • Det finst både fysisk og digitalt
  • Du kan berre ha eitt bevis
  • Du kan klage dersom du får avslag
     

Meir informasjon: 

Helsenorge