Heimebuande som ynskjer og nytte seg av dagaktivitetstilbod kvar onsdag, frå kl. 10.30 er hjarteleg velkomne på onsdagskafeen. Her er det ofte konsertar og andakter.
Dette er ei gratis teneste, men ein må betale for middag/lunsj og kaffi.
Kommunen kan syte for skyss til og frå for dei som ynskjer det.
For å tinge skyss og mat må du ringe kjøkkenet på Valle bygdeheim på telefon 957 08 242.
Program for onsdagskafeen kan du sjå i Bygdenytt for kvar månad her: Bygdenytt
Publisert 31.10.2023 11:37
Sist endra 06.08.2026 10:35