Kva kan du bruke TT-kortet til?
- Handling og ærend
- Besøk hjå familie og vener
- Fritidsaktivitetar
Kortet gjeld ikkje til pasientreiser, skuleskyss eller arbeid/utdanning, kun fritidsreiser.
Føremålet med TT-ordninga er å gje eit tilrettelagt kollektivtilbod til personar med funksjonsnedsetting som oppfyller vilkåra for å bli TT-brukar.
Kven kan få TT-kort?
Du kan søkje dersom du har ei varig funksjonsnedsetting (minst 2 år), ikkje kan bruke kollektivtransport, og bur i Valle kommune.
Korleis fungerer ordninga?
Du får eit TT-kort som fungerer som eit betalingskort. Kortet blir fylt opp med eit beløp, og dette blir trekt når du brukar drosje.
Ny ordning frå 1. juli 2026
- Felles TT-ordning for heile Agder
- Påfyll to gonger i året (1. januar og 1. juli)
- Likt grunntilskot for alle
- Mogleg ekstra tilskot for enkelte grupper
- Ingen eigenandel undervegs
Korleis søkje?
Du søker til Valle kommune. Du må legge ved legeerklæring. Vi har ikkje søknadsskjema på nettsida enn, og du må derfor kontakte kommunen for å få tilsendt skjema, eller kome inn å hente i Velkomstsenteret.
Har du allereie TT-kort?
Kortet gjeld i ein overgangsperiode fram til 30. juni 2028. Du må søke på nytt før dette dersom du framleis har behov.
Du kan sjekke saldo på kortet ditt ved å ringe Rogaland taxi på telefonnummer 51 90 90 01 eller via nettsida
Treng du hjelp?
Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål eller treng hjelp til søknad eller bruk av TT-kortet.
Meir informasjon om tenesta:
AKT
Agder fylkeskommune