Leige av lokale og 9 seter minibuss
Valle kommune nyttar BookUp, eit digitalt bookingsystem som gjer det enkelt å reservere kommunale lokale og minibuss på nett, heile døgnet. Du kan sjå kva som er ledig, sende inn booking og få oversikt over reservasjonane dine på ein og same stad.
Kva kan du leige?
- Kommunale møte- og konferanserom
- Lokale til kurs, samlingar og arrangement
- 9-seter minibuss for organisasjonar og lag
- Kontor
- Symjehall og idrettshall
Slik fungerer BookUp
- Du kan sjå ledige tider
- Du kan sende inn booking når det passar deg
- Du få oversikt over eigne reservasjonar
- Målet er å gjere det enklare å finne og bruke dei kommunale lokala våre.
Rettleiing
Rettleiing for å bruke systemet (PDF, 514 kB) (Rettleiinga er førebels på bokmål. Nynorsk versjon kjem).
Viktig informasjon
Førebels tek det litt tid før dei enkelte utleigeobjekta kjem opp på sida så du må ha litt tolmod og ikkje krysse ut sida.
Treng du hjelp?
Kontakt Velkomstsenteret
E-post: sentralbord@valle.kommune.no
Telefon: 37 93 75 00
Lenke til bookUp - bookingsystem for kommunale bygg
BookUp
Her finn du gebyrlista for 2026
Publisert 23.11.2023 13:34
Sist endra 14.08.2026 12:43