Valle Sparebank kulturfond
Har du ein idé til eit arrangement eller ein aktivitet i Valle kultursenter? Då kan du eller laget ditt søkje støtte frå Valle Sparebank kulturfond.
Publisert av Gunn Marith Homme
Publisert 02.10.2026 10:01
Sist endra 02.10.2026 11:19
Kulturfondet skal bidra til at Valle kultursenter er ein levande, inkluderande og aktiv møteplass gjennom heile året. Ordninga skal stimulere til aktivitet og mangfald, styrke frivilligheita og støtte tiltak som skaper opne fellesskap og gode møteplassar. Barn og unge, lokal kulturarv, skaparkraft og samarbeid står sentralt.
Frivillige lag, organisasjonar og arrangørar som er registrerte i Brønnøysundregisteret kan søkje om støtte til arrangement og aktivitetar i kultursenteret. Støtta kan utgjere inntil 50 prosent av totalkostnadene. Søknad må sendast via elektronisk søknadsskjema, og etter at arrangementet/aktiviteten er gjennomført må du sende inn ein kort digital rapport.
Tildelingskriterium og retningslinjer (PDF, 107 kB)
Søknadsfristar: 1. februar, 1. juni og 1. oktober (NB: 25.oktober i 2026)
Søknadsskjema: