Adressering av fritidsbustader
Innføring av vegadresser for fritidsbustader i Valle kommune
Valle kommune går over til å bruke vegadresser for fritidsbustader.
Vegadresser er den mest moderne og presise adressetypen i Noreg. Dei består av eit vegnamn (til dømes Bjørnevassvegen) og eit husnummer (til dømes 12), slik at kvar adresse blir unik og lett å kjenne att. Desse erstattar dei gamle matrikkeladressene
Vegadresser er viktige for nødetatar, post og leveringstenester.
Her finn du rapportar med alle adressane per veg. Slå opp på gards- og bruksnummeret til din eigedom for å finne kva for husnummer du har fått.
Rapportar planlagte adresser per veg
For å sjå adressa saman med bygningane dine kan du bruke dette kartet
Søk opp din eigedom eller zoom til den i kartet. Velg kva for veg du ønsker å sjå adressene for i menyen på høgre side, under “Kartlag”. Zoom inn til du ser nummeret. Om du treng å slå på Kartlags-menyen igjen (den forsvinn viss du søker eller trykker i kart), er det berre å trykke på knappen øvst til venstre, der du ser kommunevåpenet.
Kva betyr dette for deg?
- Du får ny adresse knytt til den vegen som er godkjent som tilkomst til eigedomen.
- Vegnamn og skrivemåte er allereie vedtekne av kommunestyret.
Adresseskilt
- Huseigar må setje opp nummerskilt:
- Kvitt med reflekterande botn
- Svarte tal
- 15 cm høgt
- Skiltet skal vere godt synleg, også i mørket.
Publisert 16.12.2025 14:50
Sist endra 02.02.2026 14:20