Førehandskonferanse

Når bør du be om ei førehandskonferanse?

Ei førehandskonferanse kan vere aktuell for alle typar byggjetiltak, men er særleg nyttig når:
•    det er uklart kva planar eller reglar som gjeld for eigedomen
•    tiltaket kan krevje dispensasjon
•    tiltaket er omfattande eller komplisert
•    fleire lovverk eller offentlege styresmakter kan vere involverte
•    du ønskjer avklaringar før vidare prosjektering

I mange enklare saker kan du få svar på spørsmål gjennom rettleiing frå kommunen eller informasjonen på nettsidene våre.

Kva kan vi snakke om i møtet?

Aktuelle tema kan vere:
•    planstatus og reguleringsføresegner
•    behov for dispensasjon
•    krav til søknad og dokumentasjon
•    ansvarleg søkjar og ansvarsrett
•    krav om uavhengig kontroll
•    uttaler frå andre offentlege styresmakter
•    vidare framdrift og saksbehandling

Kven bør delta?

For tiltak som du kan søkje om på eiga hand (søknad utan ansvarsrett), kan du møte åleine.
For søknadspliktige tiltak som krev ansvarlege føretak, bør både tiltakshavar og ansvarleg søkjar delta.

Slik ber du om ei førehandskonferanse

Du kan be om ei førehandskonferanse ved å sende førespurnad til Valle kommune.

Det gjer enten ved å sende ein epost til post@valle.kommune.no
Med følgjande informasjon/vedlegg:
•    adresse eller gards- og bruksnummer
•    kart som viser plassering av tiltaket
•    teikningar eller skisser av tiltaket
•    ei kort skildring av tiltaket
•    spørsmål du ønskjer avklara
Det er viktig at kommunen får tilstrekkeleg informasjon på førehand, slik at vi kan gi best mogleg rettleiing.

Etter at du har bedt om førehandskonferanse

Kommunen tek kontakt for å avtale tidspunkt for møtet. Etter plan- og bygningslova skal førehandskonferansen som hovudregel haldast innan to veker etter at kommunen har motteke førespurnaden.
I nokre saker kan kommunen vurdere at det ikkje er nødvendig med eit møte. Då kan rettleiing utleverast på telefon eller e-post.

Etter møtet

Kommunen skriv referat frå førehandskonferansen. Referatet oppsummerer dei tema som vart drøfta og dei avklaringane som blei gjorde.
Dersom planane for tiltaket blir endra etter møtet, kan det føre til at tidlegare avklaringar ikkje lenger gjeld. Uttaler frå naboar, offentlege styresmakter eller nye opplysningar i saka kan òg påverke den vidare behandlinga av byggjesøknaden.