Eigenregistrering i Eigedomsregisteret

Opplysningane vert brukt av både private og offentlege aktørar, samt deg og meg. Registreringa er frivillig og gjeld opplysningar om: Vassforsyning – Avlaup – Energikjelde – Oppvarming – Bruksareal og Byggjeår i bustaden/fritidsbustaden. Løysinga supplerer, men erstattar ikkje kommunal byggjesakshandsaming.
 

Sjekk om opplysningane på bustaden din stemmer. Rett eigedomsinformasjon gjev betre tenester og tryggleik for deg som eigar.


Lenke til eigenregistreringa: Om egenregistrering - Eiendomsregisteret
 

INNSYN OG EIGENREGISTRERING

Som eigar eller festar kan du logge inn i Eigedomsregisteret og sjå kva for opplysningar som er registrert på eigedomen din, adresse, bustad eller fritidsbustad. Ved å sjekke om opplysningane stemmer, kan du gjere både deg sjølv og samfunnet ei stor teneste med at opplysningane i Eigedomsregisteret er i tråd med realiteten og gjevne løyve. Kartverket har opna ei sjølvbetjeningsløysing der eigarar og festarar kan registrere utvalde opplysningar. 
Det er frivillig å registrere opplysningar i denne løysinga.
Kvifor er det viktig å eigenregistrere?
Opplysningar som vert registrerte av eigarar/festarar erstattar ikkje det som allereie ligg inne frå før. Dei vert lagde til som ekstra informasjon og vert viste saman med eksisterande opplysningar. Å registrere opplysningar om eigen bustad/fritidsbustad erstattar difor ikkje søknad- eller meldepliktige endringar etter plan- og bygningslova.

Kven kan eigenregistrere?

Eigenregistrering opnast i fyrste omgang for privatpersonar som er eigarar eller festarar av bustad/fritidsbustad. Du kan registrere opplysningar dersom du er:
•    Oppført som tinglyst eigar eller festar i grunnboka
•    Registrert som eigar eller festar i Eigedomsregisteret
•    Meldt frå Skatteetaten som eigar eller festar og det er registrert i Eigedomsregistreret
Dersom eigedomen ikkje er tinglyst vil det vere den eller dei som er oppført som eigar eller festar i eigedomsregistreret som kan eigenregistrere.
Dersom det er festegrunn som er festa bort, vil det vere festar eller eventuell framfestar som kan eigenregistrere.
Det er berre mogleg å registrere opplysningar for bustader og fritidsbustader som er ferdigstilte eller klare til å takast i bruk.

Kven kan IKKJE eigenregistrere?

Ikkje alle eigarar og festarar kan registrere opplysningar. Du kan ikkje bruke eigenregistreringa dersom:
•    Eigaren er ei verksemd eller ein annan juridisk person
•    Eigarskiftet ditt ikkje er oppdatert enno etter kjøp eller overtaking
•    Eigedomen er eigd saman med andre eigedomar (realsameige)
Kva med garasjar og uthus?
Du kan ikkje registrere opplysningar for unummererte brukseiningar. Dette gjeld til dømes garasjar og uthus.
 

KVA KAN DU REGISTRERE?

Byggjeår

Året bustaden eller fritidsbustaden stod ferdig og kunne takast i bruk første gong. Seinare oppussing eller ombygging endrar ikkje byggjeåret.

Vatn og avløp

Vatn handlar om korleis du får reint vatn inn i bustaden.
Avløp handlar om korleis brukt vatn frå toalett og vask vert handtert.

Energi og oppvarming

Energi er dei kjeldene bygninga bruker for å få straum og varme. Du kan ha fleire energikjelder.
Oppvarming er måten bustaden vert varma opp på, som til dømes panelomn, varmepumpe eller vedomn.

Bruksareal

Arealet innanfor omslutta vegger i bustaden eller fritidsbustaden din.


Lenke til artikkelen frå Kartverket si nettside: Egenregistrering | Kartverket.no