Aprilspøken i år vart teken litt for mykje på alvor!

Aprilspøken i kommunane Valle og Bykle i år handla om at ein frå no av skulle la KI overta alt som heiter resepsjon/velkomstsenter i kommunehuset. Det var altså ein spøk, men ein litt for god spøk - mellom anna NRK gjekk fem på og kringkasta nyheiten også etter 1. april.

Annbjørg Bjørgum Sagneskar og dei andre i velkomst i Valle kommune blir ikkje erstatta av KI, slik me skreiv 1. april. Mellom anna NRK gjekk fem på og presenterte saka som ein reell nyheit også etter 1. april. Ole Birger Lien

Så difor må det seiast klårt og tydeleg - KI er på full veg inn både i det offentlege og det private, men det skal framleis vere levande menneske og EKTE intelligens ein treff på når ein vender seg til Valle kommune!

Slik såg det ut på NRK nett 2. april.