
Tilbakemeldingane frå dei to siste åra med lokal eigenberedskapsveke i dei to kommunane er svært positive. For det første er diverre beredskap, nasjonalt, lokalt og hjå kvar enkelt av oss, meir aktuelt enn på lenge. For det andre er det nok framleis slik at dei fleste av oss kan bli endå betre på beredskap. Ikkje minst gjeld dette den delen som handlar om eigenberedskap. Dette er eit avgjerande område for kommunane.
– Jo fleire fastbuande som kan klare seg sjølv ei viss tid i ein krisesituasjon, jo meir ressursar har me til å hjelpe dei som verkeleg treng det. Kommunane skal også sikre at den vanlege drifta får gå sin gang så langt som råd - difor er beredskap alltid eit spørsmål om samarbeid og å vere førebudd, seier kommunedirektør i Valle kommune, Vidar H. Homme.
Daglege påminningar
Både i den nasjonale eigenberedskapsveka i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i oktober, og i den lokale eigenberedskapsveka i Valle og Bykle i juni, handlar det om å få ut aktuell og oppdatert informasjon til folk flest.
– Eigenberedskapslager er eitt av dei avgjerande punkta. Mange av oss kan greie oss godt i ei veke viss me bare veit at me har det som trengst av vatn, proviant, oppvarming og ljos. Viss me kan vere med på å minne folk om kva ein bør ha ståande heime så er det ei viktig oppgåve for kommunen, for me er heilt avhengige av eit godt samspel med fastbuande og tilreisande, seier Homme.
Lurer du på kva DSB meiner du bør ha i eigenberedskapslageret ditt? Her kan du lese alt om temaet!