Avdeling Systog i Hylestad barnehage på utflukt til Løefjødd!

I år har Hylestad barnehage arbeidd med prosjektet «Hylestad – min heimstad», der ein har hatt særleg fokus på fjella i Hylestad og naturen rundt bygda. Gjennom året har born og tilsette utforska skilnadene mellom fjell og bygd, sett korleis landskapet endrar seg gjennom årstidene, og vorte godt kjende i nærmiljøet gjennom mange turar og opplevingar. Prosjektet vart sommaravslutta med ein frisk tur til Løefjødd!

 

Hylestad barnehage

Som ein del av prosjektet har barnehagen vitja kraftstasjonen på Hekni, Setesdal Miljø og Gjenvinning og Brokke skisenter. Det har blitt skipa til mange skidagar og turar i skogen og nærområdet. 

Lærte om heimstaden

Slik har borna fått lære meir om heimstaden sin og samanhengen mellom natur, menneske og lokalsamfunn. Prosjektet vart altså avslutta med tur til Løefjødd. Heile avdeling Systog, med 19 spreke born i alderen 3–6 år, fekk ein flott dag i fjellet og ei fin avrunding på eit lærerikt og innhaldsrikt år.

Hylestad barnehage


 

Hylestad barnehage