Babysong og Song for alle i gang att i Valle
No er Babysong og Song for alle i gang att onsdagar i Sæbyggjen i Valle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.08.2026 14:37
Sist endra 25.08.2026 14:37

Frå klokka 11-11.30 handlar det om babysong. Ta med babyen og kom til ei triveleg musikkstund! Frå klokka 16.30-17.30 er det ei uformell allsongstund som står på programmet. Samlinga er for alle vaksne som likar å synge - med Anna Slaby Driel som forsongar.