Badedag i Valle endra frå onsdagar til tysdagar

Frå no av er det tysdagar som er den store badedagen i Valle! Tidspunkta er som før både i basseng og badstoge.

Så kan det vere verdt å få med seg at i tillegg til familiar, vaksne, karar og kvende, så har ungdom frå 8. klasse og til og med vidaregåande skule si eiga gruppe for å bokstaveleg tala kaste seg ut i det! Barn under 12 år må vere saman med ein person på minst 16 år som har ansvar for barnet på familiebading. Barn over12 år kan bade åleine, og det er foreldra sitt ansvar at barnet er symjedyktig.


Praktiske opplysingar:
Hugs dusj & såpe før bading/badstove.
Maks. 25 i bassenget samtidig.
Dersom kø er det inntil 30 minutt bassengtid / 20 minutt i badstova.
 

For klokkeslett og prisar - sjå plakata i dette oppslaget!