Biskopen trefte Valle kommune som del av bispevisitas

Denne veka har det gått føre seg bispevisitas i Valle og Bykle, og som del av rundreisa trefte biskop i Agder og Telemark Stein Reinertsen Valle kommune tysdag. Det vart ein triveleg og informativ samankomst der både biskopen og kommunen fekk fram mykje i drøftingane.

Frå bispevisitas i Valle. Frå venstre: kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, ordførar Lars Tarald Myrum, sokneprest i Valle og Bykle, Toralv Frøysaa Lie og biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen. Ole Birger Lien

I løpet av dagane i øvre Setesdal fekk biskopen i tillegg til eit møte med dei to kommunane også treffe representantar for lokalt næringsliv, ulike kulturberarar og ikkje minst born og unge i skulane. Tysdag var det altså politisk og administrativt nivå i Valle kommune det handla om. Det var ein interessert og lyttande biskop som med eit stort fylgje sette seg ned til samtale i kommunestyresalen.

– Godt samarbeid

Biskop Stein Reinertsen innleia samtalen og slo fast at ein må rekne med kyrkja i stort og smått.

– Det verste som kan skje er viss det ikkje er forventningar til oss. Når eg ser meg rundt i Valle kommune veit eg at kyrkja og kommunen har eit godt samarbeid. Valle kommune ligg også godt an med tanke på infrastruktur og rammer, og det gler meg at ein ser eit dugnadsliv og ein friviljugheit som er kanskje det viktigaste i kampen mot utanforskap, sa han.

– Eg seier meg samd i at samarbeidet er godt. Det har vore visse utfordringar for kyrkja knytta til personell, og ikkje minst i Covid-tida. Dette har blitt handtert og no ser det lovande ut, sa ordførar Lars Tarald Myrum.

– Det kan eg slutte meg til. Samarbeidet har vore godt gjennom mange år. Så arbeider me for å få på plass endå betre struktur i samhandlinga, om det no gjeld økonomi, tenesteyting eller anna, sa kommunedirektør Vidar H. Homme.

Møteplassar

Det vart tidleg i samtalen klart at biskopen såg Valle som ein kommune der det meste er på stell, og der utviklinga er god. Meir enn dei materielle sidene ved eit lokalsamfunn var Reinertsen oppteken av mellommenneskelege forhold.

– Det å arbeide mot utanforskap, å sikre integrering, det må både kyrkja og kommunane ha fokus på. Å etablere møteplassar, føre saman det friviljuge med det offentlege. Eg trur på synergiar, saman får me til så mykje meir, sa han.

– Både kultur, idrott og kyrkja har stått bak og står bak gode initiativ som inkluderer. Når det gjeld det kyrkjelege arbeidet tykkjer eg Allidrott er eit godt døme. Der er eit alkoholfritt alternativ i helgene som har blitt veldig populært, sa ordføraren.

Vil virke i skulane

I løpet av visitasen var biskopen også innom Valle skule. Reinertsen var klår på at arbeidet inn mot born og unge er viktig.

– Så må det vere slik at dette er litt todelt. Viss det er snakk om forkynnande aktivitet så skal det alltid og utan unnatak vere råd å få fritak, men er det undervisning så skal me vere svært påpasselege med at det er kompetansedeling me held på med, ikkje forkynning. Den balansen er me opptekne av, sa han.

Biskop Stein Reinertsen sa seg sers nøgd med samankomsten med Valle kommune.

– Triveleg og nyttig, akkurat som eg hadde venta, smilte han.

Eit stort fylgje samla seg då biskop Stein Reinertsen trefte Valle kommune tysdag. Frå venstre: Ingunn Nordmo Sagland, kyrkjeverge i Valle og Hylestad, Sissa Ringstad, rådgjevar i kyrkja i Valle og Hylestad, Vidar H. Homme, kommunedirektør i Valle, Lars Tarald Myrum, ordførar i Valle, Rune Stormark, prost i Otredal prosti, Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark, Ann Christin Rikenberg Jacob, personalsjef i Valle kommune, Toralv Frøysaa Lie, sokneprest i Valle og Bykle, Magnus Berg, leiar teknisk eining i Valle kommune, Petra Marie G. Trydal, økonomisjef i Valle kommune og Gudrun Sagneskar, nestleiar i Valle og Hylestad sokneråd. Ole Birger Lien