Bufdir med tilskotsordning til inkludering av born og unge
Bufdir har lyst ut tilskot til inkludering av barn og unge for 2027. Ordninga skal gi barn og unge som står i fare for å hamne utanfor, fleire moglegheiter til meistring og deltaking i fritids- og samfunnsliv. Utlysinga er med atterhald om Stortingets endelege budsjettvedtak.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.10.2026 08:43
Sist endra 28.10.2026 08:43
Pixabay
Frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Frivillighetsregisteret på søknadstidspunktet, kan søkje. Verksemda må ha eige organisasjonsnummer, ha vore registrert i Enhetsregisteret og hatt aktivitet i minst to år. Kommunar og andre offentlege aktørar kan ikkje søkje på denne ordninga frå 2027. Ordninga kan mellom anna støtte ferie- og fritidsaktivitetar, deltids- og sommarjobb for ungdom, utstyrssentral, lokal fritidskasse, aktivitetsguide og open møteplass. Det er eigne krav til dei ulike aktivitetstypane. Tiltaka skal vere på fritida og ha låg eller ingen kostnad for deltakarane. Målgruppa er barn og unge frå 0 til 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor. For open møteplass er aldersgrensa 10 til 24 år.
Valle kommune si rolle
Valle kommune deltek i ordninga i 2027. Søknader skal knytast til kommunen der hovuddelen av deltakarane blir rekrutterte frå. Kommunen rangerer dei lokale søknadene ut frå lokale behov og mål for barne- og ungdomsarbeidet. Bufdir behandlar søknadene og avgjer kven som får tilskot. Søknaden skal sendast gjennom Bufdir sin søknadsportal innan 13. november 2026. Søknader som kjem etter fristen, kan bli avviste. Les nøye gjennom krava til den aktuelle aktivitetstypen før de søkjer. Det kan søkjast om støtte for inntil tre år.
Les meir og søk: bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/
Spørsmål om kommunen si deltaking kan rettast til Hedda Schaanning, kontaktperson for Valle kommune: hedda.schaanning@valle.kommune.no