Kommunedirektør Vidar H. Homme er klar med framlegg til budsjett og økonomiplan.
Ole Birger Lien
Kommunedirektør Vidar H. Homme har lagt fram sitt forslag til budsjett for 2027 og økonomiplan for åra fram til 2030. Valle har framleis eit økonomisk handlingsrom mange kommunar kan sjå langt etter, mellom anna på grunn av inntekter frå kraft. Men kostnadene stig, kommunen har investert mykje dei siste åra, og framover skal drifta gradvis ned. Det er bakteppet når kommunen no skal prioritere pengane for dei fire neste åra.
– Valle har eit godt utgangspunkt, men det betyr ikkje at vi kan halde fram med å auke utgiftene. Vi må bruke ressursane klokt og samstundes vere budde på endringane vi veit kjem, seier Homme.
I 2027 legg kommunedirektøren opp til investeringar på knappe 31,9 millionar kroner. Av dette skal nær 20 millionar finansierast med lån. Investeringsnivået fell kraftig etter 2027. Samla er det lagt opp til investeringar på nær 59 millionar kroner gjennom dei fire åra. Kommunen vil bruke fem millionar kroner årleg på bustadtiltak i Valle og Rysstad sentrum. Det gir ei samla ramme på 20 millionar kroner fram til 2030. Det blir dessutan sett av 4,8 millionar kroner til oppgradering av Valle helsehus.
Satsing på eldreomsorg
Beredskap er også tydeleg inne i budsjettet. Kommunen set av 2,5 millionar kroner i 2027 til oppfølging av risiko- og sårbarheitsarbeidet i Setesdal. Samla er det sett av 4,375 millionar kroner til dette i økonomiplanperioden. I tillegg kjem 1,25 millionar kroner til branntiltak ved Valle brannstasjon. Straumforsyning, vatn, brann, digitale system og kommunikasjon er område kommunen meiner ein må vere betre budd på dersom noko sviktar. Andre investeringar i 2027 er mellom anna to millionar kroner til oppgradering av kontora til regionrådet, 1,2 millionar til vatningsanlegg på kyrkjegarden og éin million kroner til næringsareal på Øyne. Eit av dei store spørsmåla framover handlar likevel ikkje om eitt bestemt byggeprosjekt. Det handlar om korleis Valle skal møte ei befolkning som blir eldre. I 2026 er 24 prosent av innbyggjarane over 67 år. Fram mot 2040 er denne delen venta å stige til 26,5 prosent. Samtidig er delen av befolkninga i yrkesaktiv alder venta å gå ned frå 56,2 til 52,3 prosent. I dag er det rekna om lag 2,3 personar i yrkesaktiv alder for kvar eldre innbyggjar. I 2040 kan talet vere nede i 2,0. Det betyr at kommunen kan få behov for meir hjelp og omsorg, samtidig som det blir vanskelegare å finne nok folk til å gjere jobben.
– Det viktigaste er at vi ikkje berre byggjer oss fram til løysingar. Vi må først finne ut korleis tenestene skal sjå ut, kva slags bustader vi treng og korleis vi kan bruke arbeidskrafta best mogleg, heiter det i framlegget.
Kommunen skal derfor arbeide vidare med framtidsretta eldreomsorg og ulike buformer før det blir teke stilling til større investeringar.
Over 25 barn fødde i år
Samstundes som Valle får fleire eldre, har 2026 også gitt eit oppsving i talet på barn. Ifølgje budsjettgrunnlaget blir det fødd over 25 barn i kommunen i år. Det skaper behov for meir barnehagekapasitet. Framtida til Hylestad barnehage blir derfor ei viktig sak framover. Det er sett av pengar til planlegging, men kommunen har enno ikkje bestemt endeleg løysing eller kor stor investeringa eventuelt blir. Innan oppvekst er det også lagt opp til ei sterkare satsing på fysiske læremiddel. Kommunen ønskjer ein betre balanse mellom digitale og tradisjonelle læremiddel, mellom anna i matematikk. Ei anna endring som vil merkast direkte for småbarnsfamiliane, er at kommunen legg opp til å innføre foreldrebetaling i barnehagen frå 1. august 2027. I budsjettgrunnlaget er satsen sett til 700 kroner for full plass og 560 kroner for 80 prosent plass, tilsvarande den nasjonale satsen for foreldrebetaling. Nasjonale moderasjonsordningar kjem i tillegg. Kommunen planlegg ei samla netto driftsramme på om lag 179,6 millionar kroner i 2027. Oppvekst er det største tenesteområdet med 57,5 millionar kroner. Pleie og omsorg får 51,8 millionar, medan teknisk har ei ramme på knappe 42 millionar kroner. Sentraladministrasjon og politisk styring har ei ramme på 33,5 millionar kroner, medan interkommunale samarbeid og andre eksterne ordningar utgjer vel 29,5 millionar. Men tala viser også tydeleg at kommunen vil stramme til framover. Den samla netto driftsramma går etter planen frå rundt 179,6 millionar kroner i 2027 til 171,3 millionar i 2030. Det føreset at kommunen lukkast med effektivisering og innsparing. Dersom gevinstane ikkje kjem som planlagt, kan politikarane måtte gjere nye prioriteringar eller bruke meir av oppsparte midlar.
Vil byggje opp økonomisk buffer
Kraftinntektene er framleis ein viktig del av kommuneøkonomien. Konsesjonskraftinntektene er budsjetterte til 29,4 millionar kroner årleg. Endeleg utbetaling for 2027 blir likevel ikkje klar før i desember 2026. Utbytte frå Å Energi er budsjettert til 13,92 millionar kroner neste år og vel 13 millionar kroner årleg frå 2028. Også eigedomsskatten er ført vidare på om lag same nivå som i revidert budsjett for 2026, men det endelege skattegrunnlaget kjem først i desember. Det gjer at det framleis er noko uvisse rundt inntektssida når budsjettet blir lagt fram. Økonomien skal etter planen bli sterkare utover fireårsperioden. Budsjettet for 2027 er lagt fram med eit mindreforbruk på omlag 2,4 mill. kr., og planen legg opp til aukande avsetningar til disposisjonsfondet mot slutten av perioden. Tanken er at fondet mellom anna skal vere ein buffer dersom kraftinntektene blir lågare enn venta eller kommunen får andre økonomiske overraskingar.
Fire område skal prege pengebruken
Budsjettet byggjer på den nye samfunnsdelen som kommunestyret vedtok 24. september. Fire område skal vere særleg synlege: bulyst, arbeidsplassar, folkehelse og beredskap. Bustadsatsinga i Valle og Rysstad, næringsareal på Øyne og fleire andre grep skal bidra til busetjing, arbeidsplassar og rekruttering. På oppvekstområdet skal kommunen møte auka behov for barnehageplassar, medan fleire eldre gjer at nye omsorgsløysingar må på plass. Samstundes skal kommunen bruke mindre pengar på den løpande drifta etter kvart. Det er kanskje den viktigaste balansegangen i økonomiplanen: Valle skal utvikle og investere, samstundes som kommunen må førebu seg på ein kvardag med fleire eldre, hardare konkurranse om arbeidskrafta og mindre rom for vekst i driftsutgiftene.
– Vi skal framleis utvikle Valle, men vi må gjere det på ein måte som kommunen har råd til også om ti og 20 år. Det er den balansen vi prøver å finne i denne økonomiplanen, seier Vidar H. Homme.
Kommunestyret får siste ord om både prioriteringane og rammene når budsjettet og økonomiplanen kjem til politisk handsaming 10. desember.
Webversjon budsjett 2027 handlingprogram og økonomiplan 2027 - 2030
Budsjett 2027 handlingsprogram og økonomiplan 2027 - 2030 (PDF, 3 MB)
Kortversjon Budsjett 2027 og økonomiplan 2027 - 2030 (PDF, 209 kB)