Bygdekvinnelaga i Valle og Hylestad er klare med matkassar før jol. Her eit knippe av dei i sving. Frå venstre: Elin Viki, Kirsten Bråten Berg og Torbjørg Helle.
Privat
Formannskapet i Valle kommune vedtok onsdag 19. november å løyve 50.000 kroner til ordninga. Bygdekvinnelaga er dermed i full gang med førebuingane. I fjor vart det delt ut 22 matkassar. Det er ingen spesielle krav for å få matkasse, utover at ein må vere busett i Valle kommune.
– Alt me treng er ein telefon eller ei melding med namn og adresse på den som ynskjer ein matkasse, seier Elin Viki i Valle Bygdekvinnelag.
Det er den som sjølv ynskjer matkasse som må ta kontakt med Viki på telefon 977 89 291.
Matvarer for 1500 kroner
Kvar matkasse inneheld matvarer til ein verdi av rundt 1500 kroner. Her blir det både jolemat, frukt og andre godsaker. Det meste vil vere varer som held seg ei stund.
– Me må ha fått inn alle namn og adresser innan laurdag 19. desember. Matkassane blir køyrde ut og leverte måndag 21. desember etter klokka 17, seier Viki.
Bygdekvinnelaga i Valle og Hylestad håpar at dei som kjenner at økonomien er ekstra stram før jol, tek kontakt.
– Me håpar verkeleg at dei som treng litt ekstra hjelp med jolehandelen, nyttar seg av tilbodet, seier Viki.
Kort fortalt
- Matkassar til innbyggjarar i Valle kommune
- Verdi: ca. 1500 kroner per kasse
- Frist for å melde interesse: 19. desember
- Utkøyring: 21. desember etter kl. 17
- Kontakt: Elin Viki, tlf. 977 89 291
- Den som ynskjer matkasse, må sjølv ta kontakt