Den stabile folkeveksta i Valle kommune held fram!
Tala frå Statistisk Sentralbyrå som tar for seg folketal er sers triveleg lesing for Valle kommune - den stabile folkeveksta tykkjest halde fram! Det bur i dag 1235 menneske i kommunen. Ikkje minst er det gledeleg at det i dei to første kvartala er gode fødselstal for Valle kommune - med heile 16 fødslar!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.09.2026 12:03
Sist endra 11.09.2026 12:03
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum er strålande nøgd med stabil folketalsauke i Valle kommune dei to første kvartala i år.
Ole Birger Lien
1.1 2026 var folketalet i Valle kommune 1209. Så har talet auka jamnt og trutt i 1.- og 2. kvartal. I 2. kvartal var folketalet 1221 i starten - og med folkevekst på 14 er talet no 1235. Ser ein på utviklinga dei to kvartala under eitt betyr det ei auke i folketalet på heile 26.Ser ein endå lenger tilbake, til 2019, var folketallet i Valle kommune 1151, per 30.6.2026 er altså folketalet 1235, prosentvis har det vore ein auke på heile 7,3 % i perioden!
Nøgd ordførar
– Målingar som dette går jamnt litt opp og ned, difor er det sjølvsagt ekstra gledeleg at den positive utviklinga i Valle kommune tykkjest halde seg over tid. Eit stadig aukande folketal er både gama og inspirerande. No blir det spennande å sjå om den fine trenden kan halde seg, eg må seie dette ser lovande ut, seier ordførar Lars Tarald Myrum.