Denne veka har kommunane Valle og Bykle lokal eigenberedskapsveke!
Som dei siste to åra skipar kommunane Valle og Bykle ei eiga lokale eigenberedskapsveke. Veka tar til i dag måndag 8. juni, og held fram til og med fredag 12. juni.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.06.2026 12:49
Sist endra 08.06.2026 12:49

Poenget med den lokale eigenberedskapsveka er å auke fokus på beredskap generelt og eigenberedskap spesielt. Kvart år utpå hausten blir det skipa til ei nasjonal eigenberedskapsveke i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) - den lokale veka i Valle og Bykle er lagt opp etter same mønster.
– Avgjerande viktig
I løpet av den lokale eigenberedskapsveka kjem kommunane kvar dag til å legge ut aktuell informasjon knytta til eigenberedskap. Målet er at så mange som råd skal vere så godt budde på ein beredskapssituasjon som det DSB tilrår.
– Jo fleire som kan klare seg på eiga hand den første perioden i ein beredskapssituasjon, jo fleire av dei som verkeleg treng hjelp har me ressursar til. Det er avgjerande viktig. Eigenberedskap er eit personleg ansvar, seier beredskapsansvarleg i Valle kommune, kommunedirektør Vidar H. Homme.