Drøymeforhold ved badeplassane i kommunen!

Med varmen me har hatt den siste tida, er badeplassane i kommunen populære destinasjonar! Så skal den “verste” varmen avta noko til veka, men vermeldingane for neste veke lovar likevel mykje fint sommarver.

Det er mykje folk i Marhyl i Hylestad i finveret. Også på Honnevje i Valle kryr det av badande gjester! Ole Birger Lien

Både på Honnevje i Valle og Marhyl i Hylestad er det eit yrande liv. Badetemperaturane er gode, og her er rikeleg plass for store og små! Så er det greitt med ei påminning om at ein skal vere forsiktig når ein badar - og det er heller ikkje dumt å fylgje litt med rundt seg. Alle ynskjer ein fin sommar med flotte badedagar - og ein sommar utan uheldige hendingar. 

Bruk hovudet!

Aktørar som Redningsselskapet har desse råda å kome med: Bad aldri åleine. Hald oppsyn med born heile tida. Hopp ikkje uti ukjent vatn. Bruk redningsvest når det er nødvendig. Ver varsam ved sterk straum og bølgjer. Ikkje bad når du er påverka av alkohol eller rusmiddel. Gå roleg uti dersom vatnet er kaldt. Hald deg nær land dersom du er usikker på eigne symjeevner. Lær deg korleis du kan varsle og hjelpe ved ei ulykke. Avslutt badinga dersom du blir kald eller sliten.