Elgjakta er for mange årets høgdepunkt, og fredag 25.september går startskotet. Valle kommune ynskjer å minne jegerar og jaktleiarar om ein del punkt.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.09.2026 13:03
Sist endra 22.09.2026 13:03
Pixabay
Alle jaktlag skal ha tilgang på godkjend ettersøksekvipasje, og kopi av ettersøksavtalen skal sendast kommunen. Det skal gjennomførast lovpålagt ettersøk på dyret dersom det er laust skot. Dersom eit eventuelt ettersøk er resultatlaust første dag, så pliktar jeger eller jaktlag å melde skadeskjoting til kommunen og jaktrettshavar. Jaktlaget har ikkje lov å jakte på andre dyr før ettersøk er ferdig, og pliktar å delta på ettersøk så lenge kommunen meiner det er mogleg å finne og avlive viltet.
Kvotefri jakt på hjortekalv
Det er også i år kvotefri jakt på hjortekalv for alle godkjende storviltvald i kommunen. Den enkelte jeger har ansvar for å ha med naudsynt dokumentasjon som våpenkort, skjoteprøve og betalt jegeravgift. Ein oppmodar likevel jaktleiar til å kontrollere dette. Det er nokre mindre endringar i den nye bestandsplanen som Valle viltråd har utarbeida. Det er ikkje lengre noko tak på taggar/dato når det gjeld eldre stut.
Kvota og anna info finnast og i bestandsplanen HER