Faråne i Hylestad stengt for bading frå 23. juni til 10. juli

På grunn av vedlikehaldsarbeid på dammen i Faråne i Hylestad blir alle badeplassar langs elva stengt i perioden frå i morgon 23. juni til 10. juli. Det melder Å Energi.

Å Energi

Selskapet skriv at bakgrunnen for at ein må i gang med arbeida nettopp no, på den varmaste tida, er at det er då det er minst tilsig av vatn. Langs Faråne er det fleire populære badeplassar.

– Sidan lukene blir opna i samband med arbeidet kan det oppstå høg vassføring utan varsel, skriv Å Energi.

Sperrer tilgangen

Tilgangen til badeplassar blir sperra i den aktuelle perioden. Det blir også sett opp varslingsskilt. Av arbeid som no skal gjennomførast er å forsterke betongdammen med eit lag ekstra betongstøyp, legge på ny steinplastring på steinfyllingsdammen og oppgradere luker og teknisk utstyr. 

– Hensynet til sikkerheten har alltid høyeste prioritet i Å Energi Vannkraft. Vannstanden ved dammen må i en periode senkes for å få tilgang til å kunne utføre arbeidene. Det vil øke vannføringen nedover Faråni betydelig og områdene nedenfor dammen vil av hensyn til sikkerheten stenges for ferdsel, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.