Finn plansakene sjølv på arealplaner.no
Har du spørsmål om pågåande plansaker i Valle kommune? Mange av dokumenta som det blir bede om innsyn i, ligg allereie fritt tilgjengelege på arealplaner.no. Der kan du enkelt finne saksdokument og informasjon om plansaker som er under handsaming.
Publisert av Annbjørg Bjørgum Sagneskar
Publisert 07.07.2026 14:31
Sist endra 07.07.2026 14:31
Valle kommune opplever for tida mange førespurnader om innsyn i dokument knytt til plansaker, mellom anna Kommunedelplan for Brokke.
Vi vil difor gjere merksam på at alle dokument i plansaker som er under handsaming og ikkje endeleg vedtekne, er tilgjengelege for alle via arealplaner.no. Her kan du enkelt finne saksdokument, høyringsinnspel, plankart og anna relevant informasjon utan å be om innsyn.
Lenker til arealplanar
Kommunedelplan for Brokke
Arealplanar
På plansida finn du fana «Saksdokumenter», der journalpostar og dokument frå kommunen sitt sakssystem er tilgjengelege.
Du kan også søkje etter andre planar på arealplaner.no. Kjenner du plan-ID-en, kan du bruke direktelenka og byte ut talet på slutten med aktuell plan-ID.
Vi oppmodar alle som ønskjer informasjon om pågåande plansaker om å ta ein kikk på arealplaner.no først. Der finn du ofte det du treng.