Forlenga periode med samdrift ved legekontoret i Bykle

Det er for tida samdrift med legekontora i Valle og Bykle med Bykle legekontor ope. Samdriftsperioden blir no forlenga til å gjelde også veke 33.

Det er samdrift i Bykle legekontor til og med fredag 14. august. Ole Birger Lien

Samdrifta tok til 15. juni, og kjem no altså til å halde fram til og med fredag 14. august, ei veke lenger enn tidlegare opplyst. I heile perioden er det til legekontoret i Bykle ein må vende seg, og møte opp til time. Frå måndag 17. august er det ordinær drift ved legekontora i dei to kommunane.

Bykle legekontor -  tlf 37 93 86 70

For legevakt ring 116 117