DSB
Eigenberedskapsveka blir arrangert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), i samarbeid med statsforvaltarane, kommunane, Sivilforsvaret og frivillige organisasjonar over heile landet. Kampanjen har vore gjennomført årleg sidan 2019 og har som mål å styrkje kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga. Årets tema er krisekommunikasjon ved bortfall av elektronisk kommunikasjon. DSB ønskjer særleg å setje søkjelys på kva som skjer dersom mobilnett, internett og andre digitale kommunikasjonsløysingar ikkje fungerer. Då blir det viktig at innbyggjarane veit kvar dei kan få påliteleg informasjon, og at kommunane har løysingar for å nå ut til folk også når dei vanlege kanalane er ute av drift. Målet er både at kommunane skal øve på alternative informasjonsløysingar og at innbyggjarane skal vite kvar dei kan vende seg for å få informasjon i ein krisesituasjon.
Del av Totalforsvarsåret 2026
Eigenberedskapsveka er i år ein del av Totalforsvarsåret 2026, som regjeringa har peikt ut som eit nasjonalt satsingsår for samfunnstryggleik og beredskap. Målet er å styrkje Noreg si evne til å førebyggje og handtere tryggingspolitiske kriser og krig, og å gjere både offentlege styresmakter, næringslivet og innbyggjarane betre rusta til å møte ulike utfordringar. Totalforsvaret byggjer på samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunnet. Kommunar, frivillige organisasjonar, verksemder og innbyggjarar har alle ei rolle dersom landet blir råka av alvorlege hendingar. God eigenberedskap hos folk flest er derfor rekna som ein viktig del av den nasjonale beredskapen.
Beredskap byrjar heime
DSB tilrår at alle husstandar skal kunne klare seg sjølve i minst sju døgn dersom straum, vatn eller andre viktige tenester blir borte. Det handlar mellom anna om å ha nok drikkevatn, mat som toler lagring, varme, nødvendige medisinar, lyskjelder og moglegheit til å ta imot informasjon utan internett og mobilnett. Når eigenberedskapsveka no tek til, er håpet at fleire nyttar anledninga til å sjekke beredskapslageret sitt, snakke med familie og naboar om beredskap og bli betre kjende med korleis kommunen vil informere dersom dei digitale kanalane fell bort.
I Totalforsvarsåret 2026 er bodskapen tydeleg: Beredskap er ikkje berre eit ansvar for styresmaktene. Det er noko vi byggjer saman.