Fosterheimane er ein viktig del av laget rundt barnet

Ein fosterheim skal gi barn tryggleik, omsorg og stabilitet i kvardagen. Men fosterforeldra skal ikkje stå åleine. Under fosterheimsveka set Setesdal barnevern søkeljos på kor viktig godt samarbeid er for både barnet og fosterfamilien.

Asle Johnsen, barnevernleder i Grimstad, Mary Ann Taraldsen, barnevernleder i Midt-Agder, Karina Antonsen, barnevernleder i Arendal, Monica Brunner, barnevernleder i Kristiansand, Hedda Schaanning, barnevernleder i Setesdal, Line Lillejord Halmøy, barnevernleder Øst i Agder, Marit Helberg Langeland, barnevernleder i Lindesnes og Bodil Waage Glomsheller, barnevernleder i Lister Privat

Setesdal barnevern er den felles barnevernstenesta for Valle, Bykle og Bygland. Arbeidet med fosterheim handlar om langt meir enn å finne ein heim til eit barn. Barnet sine behov skal stå i sentrum, og barnevernet skal lytte både til barnet og dei som står barnet nær. Fosterheimane har ei viktig rolle i livet til barnet. Dei gir omsorg og stabilitet og blir ein del av laget rundt barnet. Samstundes har barnevernet ansvar for å følgje opp både barnet og fosterfamilien, og for å vere tilgjengeleg med rettleiing og støtte.

Skal ikkje stå åleine

Eit godt samarbeid krev open dialog, klare forventningar og respekt for dei ulike rollene. Barnet skal få medverke og bli møtt med forståing for si eiga historie og sine relasjonar. Også fosterforeldra treng god oppfølging. Dei skal ikkje stå åleine når det oppstår spørsmål eller utfordringar i kvardagen. Fleire andre tenester kan vere ein del av laget rundt barnet, mellom anna skule, barnehage og helse- og omsorgstenester. Godt samarbeid mellom desse, fosterheimen og barnevernet er viktig for å kunne sjå behova til barnet frå fleire sider.

Samarbeider på tvers av kommunegrensene

Barnevernstenestene i Agder samarbeider også om å utvikle fosterheimsarbeidet og styrkje kompetansen. Gjennom ulike læringsnettverk blir det mellom anna arrangert felles fagdagar for fosterheimar og fagfolk. Her får fosterforeldre og tilsette høve til å få fagleg påfyll, dele erfaringar og bli betre kjende med kvarandre sine perspektiv og behov. Barnevernleiarforum i Agder er ein annan viktig arena for samarbeid. Her er fosterheimsarbeidet jamleg tema, og leiarane deler erfaringar og drøftar utfordringar. Målet er mellom anna å utvikle ei meir lik og føreseieleg oppfølging av fosterheimane på tvers av kommunegrensene.

Eit fellesskap rundt barnet

Fosterheimsveka skal løfte fram den viktige innsatsen fosterfamiliane gjer kvar einaste dag. Samstundes er veka ei påminning om at fosterheimane er del av eit større fellesskap rundt barnet. Når fosterheimen, barnevernet og andre tenester arbeider godt saman, er målet å gi barnet ei trygg og samanhengande oppfølging over tid. Fosterheimsveka er dermed også ei takk til alle fosterheimar som opnar heimane sine for barn som treng det, og til fagfolk og samarbeidspartnarar som arbeider for å gi barna og fosterfamiliane best mogleg støtte.