Fosterheimsveka: Fleire barn treng ein trygg heim i nærmiljøet

Denne veka, 2. til 8. november blir Fosterheimsveka markert over heile landet. Målet er å finne fleire fosterheimar, og særleg vaksne som kan gi barn tryggleik og omsorg i sitt eige nærmiljø.

Bufdir

Når eit barn ikkje lenger kan bu heime, kan det vere viktig å få halde på så mykje som mogleg av det kjende livet. Ein fosterheim i nærmiljøet kan gjere det lettare å halde kontakten med skule, vener, fritidsaktivitetar og andre viktige personar. Behovet for fosterheimar er stort. Ved utgangen av 2025 budde om lag 8 900 barn og unge mellom 0 og 24 år i fosterheim eller beredskapsheim i Noreg. Rundt 7 300 var under 18 år, og om lag 3 000 budde hos familie eller andre dei kjende frå før.

Stort behov

Tal frå Bufdir viser også at 339 barn hadde venta meir enn 30 dagar på fosterheim i ei nasjonal kartlegging. Det understrekar behovet for å finne fleire familiar og vaksne som kan stille opp. Gjennom Fosterheimsveka ønskjer Bufetat og Bufdir å få fleire til å tenkje gjennom om dei sjølve, eller nokon dei kjenner, kan vere aktuelle som fosterheim.

Kanskje kan du, eller nokon du kjenner, vere den trygge vaksne eit barn treng?

Her er meir informasjon om fosterheimsveka.

Har du spørsmål? Då kan du vende deg til leiar oppvekst og barnevern i Valle kommune Hedda Helene Schaanning på tlf 47642462.