Frå folkemusikkpub til storkonsert med Bjørn Tomren på kulturveka i Valle 2.- 11. oktober!

Eit innhaldsrikt program ventar den som har tenkt å få med seg litt eller mykje frå kulturveka i Valle 2.- 11. oktober. Som alltid har ein fått med både det for dei fleste, og det noko meir smale - akkurat slik målsettinga er. Eitt er sikkert, det blir livleg i Valle og Hylestad frå startskotet går førstkomande fredag!

Bjørn Tomren blir nok eit av høgdepunkta under kulturfesten i Valle!

Kulturveka i Valle er eit kulturelt lyft det går gjetord om i heile regionen. I år brakar det altså laus 2. oktober, og det siste arrangementet går føre seg 11. oktober. Med alt frå konsertar og foredrag til aktivitetsdagar, biljardturnering og grautfestival  ventar eit program der fastbuande og tilreisande, store og små, bør ha mykje snadder å velje i! Bak kulturveka står det så mange slag lag og organisasjonar i kommunen – med Folkeakademiet Valle som organisator i tett samarbeid med Valle kommune. 

Mange godbitar

Det er risikosport å peike på noko som høgdepunkt i programmet, men Bjørn Tomren er nok kjent for dei fleste og noko mange ser fram til. Det må også seiast om Trym Bjønnes, som kjem til Valle med fruen Helga Jacobsen. Trym imponerte stort i “The voice” - før TV2-programmet visste me her i dalen godt at han er ein sers talentfull musikar - no veit heile landet det! Av innslag elles kan ein nemne alt frå Linda Eide Språksjov til folkemusikkpub og konsert med Silje Høgevold og Stina Brandin Hovet, barneteateret “Igor og dei gode hjelparane”, Due og Drone med forfattar Kjartan Fløgstad og musikar Steinar Raknes, debatt om datasenter, basar i Broderheimen, familietur i Rysstad turpark og mykje, mykje meir!

Kulturveka i Valle på Facebook

Linda Eide kjem til Valle med språksjov!Stina Brandin Hovet (t.v.) og Silje Høgevold er klare for kulturveka i Valle.