Gamlebrua til Straume er riven
Straume bru blir no oppgradert. Arbeidet omfattar ombygging av overbygninga på brua, og både brua og Straumsvegen har vore stengt sidan frå 1. juni - og er stengt til 15. november. No er den gamle brua fjerna.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.07.2026 08:47
Sist endra 14.07.2026 08:47
Bjarne Rysstad
Det er entreprenør Rune Holt AS som har fått oppdraget med å oppgradere brua. Stenging skjer både på Helle-sida og Straume-sida, og det blir sett opp fysisk sperre båe stader.
Omkøyring via dammen på Hekni
All trafikk må nytte omkøyring i anleggsperioden via Birkelandsvegen (via dammen på Hekni) - omkøyringa gjeld all trafikk.
– No håpar me at alle tar omsyn med tanke på skilting og anvisningar, og at ein bereknar ekstra reisetid i anleggsperioden. Så ber me alle om å vise særleg omsyn til mjuke trafikantar, og at ein begrensar trafikken i området viss ein ikkje har heilt naudsynte ærend der, seier leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg.
Bjarne Rysstad