Gjenbruksstoga på Øyne i full gang med kveldsope torsdagar!
Gjenbruksstoga på Øyne i Valle er open att etter eit opphald i sommar. Butikken er del av Valle bruktbutikk, men satsinga på Øyne er eit samarbeid med SYR/Setesdal miljø & gjenvinning.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.11.2026 12:20
Sist endra 05.11.2026 12:20
Privat
I utgangspunktet er det om torsdagar Gjenbruksstoga skal vere open - og frå no av blir det på ettermiddag/kveld. Kvar torsdag framover frå klokka 16-19 er butikken open. I butikken kan ein finne alt frå møblar til lamper og mangt anna til ein rimeleg penge.