God respons på den lokale eigenberedskapsveka i Valle
I slutten av juni skipa Valle kommune til lokal eigenberedskapsveke i samarbeid med Bykle kommune. Responsen var god, og fleire har no fått den eksklusive såkalla Blattmann-T-skjorta til odel og eige!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.07.2026 10:50
Sist endra 08.07.2026 10:50
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum med eigenberedskaps-T-skjorta.
Ole Birger Lien
T-skjorta får den som går gjennom eigenberedskapslageret sitt heime, og registrerer “alt ok” via kommunen. Det har altså fleire alt gjort, men T-skjortelageret er ikkje tomt enno!
Poenget med den lokale eigenberedskapsveka er å auke fokus på beredskap generelt og eigenberedskap spesielt. Kvart år utpå hausten blir det skipa til ei nasjonal eigenberedskapsveke i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) - den lokale veka i Bykle og Valle er lagt opp etter same mønster.
– Avgjerande viktig
I løpet av den lokale eigenberedskapsveka la kommunane kvar dag ut aktuell informasjon knytta til eigenberedskap. Målet er at så mange som råd skal vere så godt budde på ein beredskapssituasjon som det DSB tilrår.
Blattmann-T-skjorta
Under eit felles beredskapsmøte mellom kommunane Bykle og Valle i vinter kom Bykle-ordførar Hans Blattmann med ein ide om at kan hende skulle alle som er flinke med eigenberedskap få ei T-skjorte frå kommunen? Slik vart det. På T-skjorta står det Héve du - altså “har du” - og på ryggen “eigenberedskapslager”. Under er det trykt på ein QR-kode - og scanner du den kjem du rett til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sine lister over kva du bør ha i eigenberedskapslageret. Ei flott T-skjorte, som sjølvsagt også er pynta med kommunevåpenet!
For den som vil registrere seg og få T-skjorte er det bare å gå inn HER