God respons på Valle kommune-magasinet iValle!

Årgang 2 av Valle kommune-magasinet iValle har blitt godt motteke av folk flest - og alle fastbuande skal ha fått eit eksemplar i postkassen sin.

iValle årgang 2 har blitt godt motteke av folk flest. Magsinet er mellom anna lagt ut på lokale butikkar og Setesdalsmuseet. Ole Birger Lien

Magasinet handlar om det gode bygdelivet i Valle kommune, og i år er den raude tråden lokalt næringsliv. I tillegg til at alle fastbuande har fått magasinet, er det lagt ut på både lokale butikkar og Setesdalsmuseet. iValle skal også delast ut mellom anna på Arendalsveka - og sist helg vart det delt ut på Landskappleiken på Hovden.

Sender til utflutt ungdom

I tillegg skal iValle sendast ut til utflutt lokal ungdom - både som ei helsing frå heimkommunen, men også som ei påminning om at ein håper at dei på eit eller anna tidspunkt kan tenke seg å flytte heim og bli del av det gode bygdesamfunnet att. Stadig fleire unge vel akkurat det - til stor glede for alle.