Har du privat bustad til utleige i Valle kommune?

Kor mange private huseigarar rundt om i Valle kommune sit på husvære til utleige? Det ynskjer kommunen seg oversikt over.


 

Bakgrunnen er at det stadig vekk og året rundt kjem førespurnader til kommunen frå ulike type menneske som er på jakt etter ein bustad. Difor ynskjer kommunen å lage ei oversikt for det kommunale bustadkontoret, noko ein kan halde oppdatert, slik at ein kan vidareformidle kva som finst til dei som er ute etter noko.

Alt frå hus til leilegheiter og hyblar er aktuelt, og den som måtte ha noko å melde inn kan sende informasjon via epost til gunn.marith.homme@valle.kommune.no eller på tlf 91837000.