Eit stort og flott festivalområde venta i Bykle.
Ole Birger Lien
– Ein er med på mykje som ordførar, og oppdrag som akkurat dette er det mest morosame eg kan tenke meg. Eg vil takke både Hovden hytteservice og ikkje minst alle i kommunen som har stått på for å få dette til, sa Bykle-ordførar Hans Blattmann då han opna festivalen.
Ordføraren la til at arrangementet var så bra at dette bør bli ein årviss tradisjon.
– Kanskje kan me få dette i Valle neste år? sa han.
Yrande liv
Festivalområdet var både skulegarden ved Bykle barne- og ungdomsskule og heile anlegget ved fotballbanen. Og det beint fram yrte av liv! På og rundt fotballbanen var det rigga med aktivitet etter aktivitet - alle med det felles at dei la opp til fysisk fostring og ikkje minst mykje moro! Her kunne dei som ville det prøve alt frå å sitte på ein mekanisk okse (dei sat ikkje lenge) til alt frå å sparke fotball mot blink, spele “biljardfotball”, kaste på blink, springe inni store plastballar og prøve å dunke andre over ende - lista over aktivitetar var lang og innhaldsrik!
Proff scene
Ved fotballbanen var det også rigga til ei scene i fullt format og med profesjonell lydmann på plass. Og det er ikkje rart, for det som vart servert frå scena var imponerande. Det var tre hovudinnslag: kulturskulen, Nusse og Symre - alle musikalske innslag av høg kvalitet, med eit entusiastisk publikum samla framom scenekanten.Som del av festivalen vart den musikalske biten ein flott topp på kransekaka!
Ingen gjekk svoltne heim!
I tillegg til aktivitet og musikalske opplevingar vanka det også herlege matopplevingar under festivalen. Køane var lange for alt frå sliders til tacosalat og vårrullar - store og små la i seg og storkoste seg. At veret i tillegg bestemte seg for å spele på lag - og baud på strålande sol, la ikkje akkurat noko dempar på dagen. “Helt konge” vart akkurat det - festivalen viste seg verdig namnet på alle vis! Bileta i denne artikkelen gjev ein liten smakebit av alt det flotte som gjekk føre seg.