Hugs å bruke Friskus og aktivitetskalenderen!

Meir enn 2100 menneske fylgjer Valle kommune via appen Friskus, der ein får varsling når kommunen legg ut nyheitssaker på heimesida. Også aktivitetskalenderen som er del av appen er i bruk - men Valle kommune ynskjer seg endå fleire brukarar på både app og kalender!

Med Friskus får ein alle nyheiter som blir lagt ut på heimesida til Valle kommune som eit PLING inn på mobiltelefonen. Sjølve saka på heimesida er då bare eitt tastetrykk unna. Aktuelle politiske saker ligg også i appen. 

Når ein lastar Friskus ned må ein bare hugse på å også krysse av for at det er Valle kommune ein vil fylgje! 

Ein kan fylgje inntil 10 kommunar i appen.

Alle kan bruke aktivitetskalenderen

Valle kommune har tatt i bruk Friskus aktivitetskalender der lag og organisasjonar sjølv kan legge inn aktivitetar og arrangement ved å lage seg ei arrangørside. Desse vil då kome på aktivitetskalenderen i Friskus-appen og på Valle kommune si heimeside. 

For å bli arrangør og legge ut aktivitetar må de: 

  • Ha ein organisasjon eller eit lag som er registrert i Brønnøysundregisteret, 
  • Registrere laget/organisasjonen som arrangør i Friskus,
  • Legge til brukarar som skal kunne opprette arrangement i Friskus 
    (kvar brukar må registrere seg sjølv, men de kan sende invitasjon frå arrangørsida)

Når dette er gjort kan du legge ut arrangement!

Merk: Sidan kvar organisasjon no skal ha si eiga side, har vi dessverre ikkje lenger høve til å leggje inn arrangement på vegner av dykk.

Treng de hjelp?

Dersom de treng hjelp til å opprette arrangørside eller brukarar, kan de ta kontakt med Velkomstsenteret.

Telefon: 379 37 500

epost: sentralbord@valle.kommune.no 

Vil du laste ned Friskus? Bruk denne lenka.