Hugs parkering bak Esso før minnesamling ved Valle bygdeheim i morgon

I forkant av gravferda til Kong Harald V i morgon klokka 13 skipar Valle kommune til ei open minnesamling ved Valle bygdeheim med oppmøte klokka 12.45. Så minner Valle kommune om at ingen må ta sikte på å parkere bilen ved bygdeheimen, men heller bruke parkeringsplassane bak Esso.

Ordførar Lars Tarald Myrum innleier samlinga, og held også ei minnetale, før leiaren i ungdomsrådet legg ned ein krans ved flaggstonga. På slaget klokka 13 er det eit minutts stillheit landet rundt. Samankomsten ved Valle bygdeheim blir avslutta klokka 13.01 med første vers av nasjonalsonga med Anna Slaby som forsongar. I tillegg til folk flest vil også elevane ved Valle barne- og ungdomsskule vere med på samankomsten, og det blir sjølvsagt rigga til slik at bebuarane på Valle bygdeheim får alt saman med seg.