Sofia B. Berg frå Hylestad (nærast) er ein av skodespelarane i filmen "Tilbake til Tottori" som Bygdekinoen viser i Valle kultursenter måndag 12. oktober.
Privat
Den nye storfilmen «Tilbake til Tottori» er oppfølgjaren til den prisvinnande familiefilmen «Tottori! Sommeren vi var alene», som hausta både internasjonal merksemd og Amanda-prisen for årets barnefilm då han kom ut i 2020. Oppfølgjaren følgjer søstrene Billie og Vega vidare seks år seinare i ei varm og spennande forteljing om familie, mot og det å finne sin eigen styrke.
Deler av innspelinga i Valle
For publikum i Valle er det likevel meir enn sjølve filmen som gjer kinokvelden spesiell. Delar av innspelinga har skjedd i Valle, og Hylestad-jenta Sofia Berg har ei rolle i filmen. Dermed får publikum høve til å sjå både lokal natur og eit lokalt talent på det store lerretet.
– Det var veldig moro å vere med på dette. Eg har alt sett filmen, og eg veldig nøgd, seier ho.
Dette er 17-åringen sin debut som filmskodespelar - og opplevinga gav meirsmak!
– Ja, får eg sjansen så gjer eg gjerne noko liknande på ny, seier Sofia Berg.
Store forventningar
Den første Tottori-filmen vart svært godt motteken av både publikum og kritikarar, og forventningane til oppfølgjaren er difor store. Filmskaparane har fleire gonger peika på den sterke tilknytinga til naturen og landskapet i forteljinga, noko som gjer det naturleg å vende tilbake til Setesdal i oppfylgjaren.
Fakta om kinokvelden
- Bygdekinoen viser «Tilbake til Tottori» måndag 12. oktober i Valle.
- Filmen er oppfølgjaren til «Tottori! Sommeren vi var alene».
- Deler av filmen er spela inn i Valle.
- Hylestad-jenta Sofia Berg har ei rolle i filmen.

Glimt frå filmen.