Hypermoderne teknologi i Valle kultursenter

Nye Valle kultursenter vart opna med ein dugeleg bygdefest ei heil helg i april i år - og frå alle kantar kom det lovord om det flotte kulturbygget me skal ha glede av i kommunen i tiåra som kjem. Så vart det sagt mindre om noko vel så flott - eit hypermoderne bygg der teknologi og tekniske løysingar er både effektive og ikkje minst sers framtidsretta!

Valle kultursenter er ikkje bare eit flott bygg, men også eit bygg fullt av framtidsretta teknologiske løysingar. Ole Birger Lien

Oppvarminga av arealet i bygget er ei sak for seg sjølv. I Valle kultursenter er det etablert eit grunnvarmeanlegg med brønn nede ved Otra. Vatnet blir pumpa opp og inn mot ein varmevekslar, før det oppvarma vatnet blir pumpa rundt om i bygget - slik at det er vassboren varme i golv pluss i radiatoromnar på veggane. Også det nye ventilasjonsanlegget blir varma slik - ein pumpar opp grunnvatn, vatnet går gjennom ein varmevekslar og varmepumpa “lyfter” temperaturen. Kort fortalt henter ein litt varme frå grunnvatnet i bakken, og varmepumpa forsterkar denne varmen slik at den kan brukast til oppvarming av bygget.

– I tillegg til det nye kultursenteret varmar grunnvarmeanlegget opp barneskulen, ungdomsskulen og Vallehalli. Ei framtidsretta løysing som er så effektiv at me også reduserer oppvarmingskostnader, seier Geir Helge Solheim i Valle kommune.

Grunnvarmeanlegget kan også “snuast på” sommarstid, og nyttast til nedkjøling!

– Både varme og ventilasjon blir datastyrt med kontroll fortløpande, seier Solheim.

Teleskoptribune

Amfitribuna i Storsalen er ei såkalla teleskoptribune, ein kan utvide eller gjere mindre etter behov. Med full utnytting er det plass til vel 200 publikummarar. Ljos- og lydanlegget er topp moderne, og både til kino, konsertar eller anna kan ein styre heile sulamitten via ein skjerm.

– Styringa er så grei at det er låg terskel for bruk. Me har også ein ljosrigg som kan hevast og senkast, kinolerret og eit eige lerret med fast prosjektor her, seier Geir Helge.

Lysanlegget er rigga for å overføre lyd frå Storsalen til kaféen og kjøkkenet, men også utomhus ved behov. I kaféen og på kjøkkenet er det mogelegheit for blåtann-kobling slik at ein kan hooke opp lydkjelder for overføring. 

Lyft for bassenget

I tilknytning til symjebassenget er det nye, moderne garederobar, og nye vaksengarderobar. Til bassenget er det også kjøpt inn bassengheis for rørslehemma, den kan lyfte 150 kg og er oppladbar. Nye ventilasjonskanalar har kome på plass, ljosanlegg med dimming og ikkje minst lydanlegg. 

Ungdomsklubb og back stage

Ungdomsklubben i kultursenteret er heilt ny - med rikeleg tumleplass. Der er storskjerm, den kan ein også nytte til å overføre lyd og bilete frå Storsalen, og det er eigen prosjektor. I det såkalla Green room er det sminkestasjonar - eit område som blir back stage for alt frå konsertar og teaterframsyningar til lokale sprell frå kulturskulen og liknande.

– Så høyrer det med til historien at me har fått på plass eiga pumpe til tre brannhydrantar rundt bygget - ein ved grusbanen, ein ved barnehagen og ein nordom nybygget. Pumpa gjev 40 liter i sekundet - og skulle det vere behov kan brannvesenet bare koble seg beint på. Alt i alt vågar eg å påstå at det nye kultursenteret er eit topp moderne anlegg der alt legg til rette for god og berekraftig bruk i mange, mange år, seier Geir Helge Solheim.