I dag brakar kulturveka i Valle laus!

Eit innhaldsrikt program ventar den som har tenkt å få med seg litt eller mykje frå kulturveka i Valle - og i dag brakar det laus! Med alt frå konsertar og foredrag til aktivitetsdagar, biljardturnering og grautfestival  ventar eit program der fastbuande og tilreisande, store og små, bør ha mykje snadder å velje i! Kulturveka held fram til og med 11. oktober.


 

Kjartan Fløgstad (t.v.) og Steinar Raknes er klare for kulturveka i Valle.

Bak kulturveka står det så mange slag lag og organisasjonar i kommunen – med Folkeakademiet Valle som organisator i tett samarbeid med Valle kommune. 

Mange godbitar

Det er risikosport å peike på noko som høgdepunkt i programmet, men Bjørn Tomren er nok kjent for dei fleste og noko mange ser fram til. Det må også seiast om Trym Bjønnes, som kjem til Valle med fruen Helga Jacobsen. Trym imponerte stort i “The voice” - før TV2-programmet visste me her i dalen godt at han er ein sers talentfull musikar - no veit heile landet det! Av innslag elles kan ein nemne alt frå Linda Eide Språksjov til folkemusikkpub og konsert med Silje Høgevold og Stina Brandin Hovet, barneteateret “Igor og dei gode hjelparane”, Due og Drone med forfattar Kjartan Fløgstad og musikar Steinar Raknes, debatt om datasenter, basar i Broderheimen, familietur i Rysstad turpark og mykje, mykje meir!