I desse tider aukar sjansen for vilt i vegbanen!
I overgangen frå haust til tidleg vinter viser alle statistikkar at risikoen for å treffe på vilt på og langs vegbanen aukar. Det er difor ekstra viktig å fylgje godt med bak rattet!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.11.2026 10:23
Sist endra 09.11.2026 10:23
Med vinteren like om hjørnet blir det stadig meir vilt på eller ved riksveg 9. Talet på viltpåkøyrslar aukar sterkt vinterstid.
Ole Birger Lien
Viltpåkøyrslar aukar markant i vintermånadene. Her i dalen smell det kvart år, så ein må tilpasse farten etter forhold som sikt og vegbane. Å køyre i 70 km/t i staden for 80 km/t, reduserer risikoen for kollisjonar med 50 prosent. Det viser tal fra Transportøkonomisk institutt.
Kva gjer ein ved påkøyrsel?
Ved ein påkøyrsel må ein få oversikt over eventuelle skada personar, gje førstehjelp og ringe 113 viss akutt hjelp er nødvendig. Så må ein ringe politiet på 02800 og melde frå om påkøyrselen. Ein skal også merke staden der påkøyrselen skjedde, slik at ein kan hjelpe dei som kjem for å spore dyret. Ein skal aldri fylgje eit skada dyr på eiga hand. Det kan både vere farleg og gjere arbeidet vanskelegare for ettersøkshunden.