Ikkje nok regn - framleis varsel om høg skogbrannfare i Agder
Sjølv om det har kome litt nedbør i Agder dei siste par dagane så er det ikkje nok for å redusere skogbrannfaren - Meteorologisk Institutt melder at dei held fast på oransje varsel, altså svært høg skogbrannfare.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.07.2026 13:21
Sist endra 29.07.2026 13:21
Meteorologisk Institutt
Oransje varsel er det høgaste varselet ein har for skogbrannfare, så det seier det meste. I bygder, skog og li, ja også til fjells, er det turt etter vekesvis med varme og utan nedbør. Brannvesena i Agder melder om at det den siste tida har vore meir enn 10 skogrannar i fylket.
Dei kjem også med desse råda:
Brannvesena i Agder har kome med desse råda for å redusere faren for skogbrann:
Ikkje bruk open eld i eller nær vegetasjon eller anna brennbart.
Unngå bruk av bålpanner, eingangsgrillar og anna utstyr som betyr open varme eller fare for gnister. Dette gjeld også ved etablerte bål- og grillplassar i utmarksområde.
Ver forsiktig ved bruk av maskinar, verktøy og kjøretøy i turre område.
Skytebanar bør ikkje nyttast.
Kantslått og tilsvarande aktivitetar bør stoppast.
Kast aldri sigarettsneipar eller fyrstikker i naturen.
Meld frå umiddelbart til 110 viss du ser røyk eller brann.
Brannvesenet vil involvere politiet om det er mistanke om uaktsomheit.
Husk at det generelle bålforbudet gjeld fra 15. april til 15. september