Influensavaksinering i Valle blir seinare i år enn i fjor
Influensavaksineringa i Valle hausten 2026 vert i år gjennomført litt seinare enn tidlegare. Dette skuldast at Folkehelseinstituttet (FHI) har meldt at influensavaksinen vert levert i veke 46. Dei som takka ja til vaksine i fjor, vil få time til vaksinering på SMS.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.09.2026 12:39
Sist endra 28.09.2026 12:39
Pixabay
Ein minner om FHI sine anbefalingar om vaksinasjon for vaksne:
• Kikhostevaksine (i kombinasjon med difteri, stivkrampe og polio): FHI tilrår oppfriskingsdose kvart 10. år for alle vaksne over 65 år.
• Lungebetennelsesvaksine (pneumokokkvaksine): Tilrådast særleg til personar som er 65 år eller eldre, og til personar med visse kroniske sjukdomar eller nedsett immunforsvar.
Ta kontakt med fastlegen dersom du treng ny resept eller ønskjer råd om kva vaksinar som er aktuelle for deg.