Innspelsmøte om etablering av frivilligsentral i Valle
Måndag 19. oktober klokka 19-21 skipar Valle kommune til innspelsmøte i samband med etablering av frivilligsentral i Valle. Invitasjonen går ut til lag, foreiningar og alle med interesse for og meiningar om etableringa.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.10.2026 13:21
Sist endra 14.10.2026 13:21
Fagleiar frivilligheit og kultur i Valle kommune, Rebecca Egeland, håpar mange har synspunkt på kva frivilligsentralen skal bli.
Ole Birger Lien
Kva bør frivilligsentralen vere for Valle? Det er temaet på møtet i Valle kultursenter.
– Idear, behov og tankar om frivilligsentralen, dette ynskjer me opp og fram på møtet, seier fagleiar frivilligheit og kultur i Valle kommune, Rebecca Egeland.
Ho håpar at mange møter opp til møtet.
– Det er saman me kan forme frivilligsentralen slik at me får så mykje som råd ut av satsinga, slår ho fast.