Inviterer til kveldstur med faklar til dagsturhytta i Valle
Torsdag 12. november inviterer Kultur og fritid til ein sosial og stemningsfull kveldstur til dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle. Det blir fakkeltog, enkel servering, underhaldning og aktivitetar for dei minste.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.11.2026 12:27
Sist endra 10.11.2026 12:27
Ole Birger Lien
Oppmøte er bak Esso-stasjonen og Hasla sylvsmie i Valle sentrum klokka 18. Derfrå går alle samla opp til dagsturhytta med faklar. Turen er på om lag 3,5 kilometer, og det er rekna rundt éin time på tur-retur. Turen er ikkje tilrettelagd for rullestol.
Mat frå ulike kulturar
Vel framme på dagsturhytta blir det enkel servering og underhaldning. For dei minste blir det også lagt opp til leik og aktivitetar. Arrangørane ønskjer denne kvelden å samle menneske på tvers av kulturar og bakgrunnar. Eit mål er å kunne servere mat frå forskjellige kulturar, og dei håpar derfor at nokon har lyst til å bidra med mat.
Har du lyst til å lage og ta med noko, kan du kontakte Birgit på telefon 91 77 84 10 eller Rebecca på 95 14 34 33.
Ein tur for fellesskap og inkludering
Kveldsturen får støtte frå Midt-Agder friluftsråd og er ein del av arbeidet med tilrettelagde turar og turtilbod retta mot minoritetsfamiliar. Målet er å skape ein hyggeleg møteplass ute i naturen, der familiar og andre deltakarar kan bli kjende, vere aktive saman og få ei fin oppleving på dagsturhytta.
Alle er velkomne til å bli med torsdag 12. november klokka 18!
Kort fortalt
- Dato: Torsdag 12. november
- Tid: Kl. 18
- Oppmøte: Bak Esso-stasjonen og Hasla sylvsmie i Valle sentrum
- Lengd: Ca. 3,5 km
- Tidsbruk: Ca. éin time tur-retur
- På hytta: Enkel servering, underhaldning og leik for dei minste
- Tilgjenge: Turen er ikkje tilrettelagd for rullestol